Årsmelding 2005

Årsmelding 2005.


Styret                  2005         

Leiar:   Jan Ivar Rødland

Kasserar Gunnar Lussand styremedlem   Steinar Skår Lars Terje Haugen Ungdomsutvalet Svein Medås

Jegergruppa        2005          

Leiar Eivind Brekke : Medlem Magne Mo Kjell Arne Jørdre Sven Helge Ovrid Bjørnar Skår

Ansvar for dugnadsarbeidet: Steinar Skår og Eivind Brekke

STYRET

SKYTEAKTIVITETEN.  

2005 har vært eit kvile år i forhold til jubileumsåret 2004. Men også i 2005 har ein fått merka at 2004 var Kongen møter Kongen  jubileumsåret. I februar var Olav Medås på SLOTTET  for å takka HMS Kongen for Kongens fortenste medalje. Svein Medås var i lag med Olav på turen austover. Laget har også fått flott omtale i NST både av heidra til Olav Medås og jubileums-festen.

Skyteresultat

2005 har vore eit godt skyttar år. Jon Sindre Rødland har igjen synt at han ein av dei beste i sin klasse i samlaget. Han skaut seg til på banen finale under årets landskyttarstemna med fult hus, og fekk ungdomsmedalje. Han skaut også seg inn i feltfinalen, noko som Kjetil A. Rødland også gjorde.

Anna P Hjelmevoll som skyt i juniorklassen vart samlagsmeister og vann Statkraft cupen i juniorklassen.

Svein Medås fekk i år medalje på Hordameisterskapet.


Styret og Råe

Styret har hatt 4 styremøte og har handsame omlag 20 saker. Det har blitt utført lettar vedlikehaldsarbeid på skytebanen.

 

JEGERGRUPPA

Leiar: Eivind Brekke

Jegergruppa har og i år skipa til jegerfeltskyting i Skår. I år vart det Kjetil Andre Rødland som vart årets jegermeister. Han vil få namnet sitt inngravert på den store JEGERPOKALEN som skal vandra med namna på alle jegermeistrane våre.

Erfaringane frå tidligare år vart nytta i oppsettet av vaktplanen for  jegertrening 2005. På kvar trening/oppskyting vert det sett opp 3 stk. Ein starta med jegerskytingane i mai og hadde tilbod kvar fredag, men også laurdagane teke i bruk, noko som vart godt motteke. Omlag 180 jegerar tok skyteprøven for storviltjegerane på banen i år.

Det var i år halde to jegerskurs, nytt i år var det også innarbeid som valfag på skulen. Om lag 20 stk har teke eksamen i år. .

UNGDOMSARBEID

Ved ungdomsleiar Svein Medås

Det har vore  stor aktivitet innandørs i gymsalen på skulen. Her har mellom 15 %96 25 stk. skote på torsdagskveldane og det heile vart avslutta med ei tradisjonell pokalskyting. Utandørs har det vore treningstilbod til rekruttane kvar onsdag, noko som har vore nytta av dei  %94faste%94 skyttarane .

Laget sine rekruttar har delteke på fleire samlingar som har vore skipa til på samlagsnivå og i hordakrinsen. Jon Sindre Rødland og Anna P Hjelmevoll har også delteke på Hardanger og Voss skyttarsamlag sitt lag på samlagskytinga.

2005 har det vore sers gode resultat for våre yngre skyttar. Ein har også delteke med lagskytingar på 100m både på Hordastemna og Samlagsstemna med gode plasseringar. Ungdom har også skapt eit godt sosialt miljø som gjer at det er trivlig gjeng å jobba med.

 

ØKONOMIEN 

Kasserar : Gunnar Lussand

Etter eit svært hektisk år i fjor,

med aktivitet som gav stort overskot, og i tillegg var det fira parteigarar i bygdalånet som gav heile eller deler av parten sin til laget.

År 2004 vart det beste året i Skyttarlaget si soga.

Då vart 2005 nermast eit kvileår.

Når me då i tillegg misser automat -inntekter på ca 35.000 er det klart at resultatet vert betydeleg svakare.

Likevel er me i stand til å betala tilbake resten av bygdalånet som planlagt før nyttår og hadde me %94snaua oss%94 heilt kunne me vore gjeldfrie no. Men å sitja med eit banklån på 50.000 i dagens rentesituasjon er ikkje noko å missa nattesøvnen av, så det kan etter mitt syn gå vidare.

Største inntektsposten er som vanleg medlemspengar, men har også i år motteke kulturmidlar frå Granvin herad %96 sponsormidlar %96 gåve frå banken og vår aktive jegergruppa har bidrege med ein betydeleg sum på pluss-sida.

Me får neste år noko meir frie midlar til å bruka til innvestering / oppgradering av annlegget vårt,

Og det mangla ikkje på oppgåver



Årsmøte 2008

2005

2006