Styret 2008
Leiar Svein Medås
Kasserar Gunnar Lussand (styremedlem)
Lars Johan Tveit
Kjetil Andre Rødland
Ungdomsutvalet Barbro Marie Medås
Jegergruppa 2008
Leiar Kjell Arne Jørdre
Bjørn Inge Aarsand
Astrid Etterstad
Ingebjørg Folkedal
Aun Egil Vikør
Sverre Folkedal
SKYTEAKTIVITETEN.
Granvin Skyttarlag har arrangert mange stemner dette året; Samlagsstemna 15 meter, Krinsstemna bane, Granvinstemna, Hordakretsen si rekrutteringsstemna. Laget var også med på å arrangera Vestlandsstemnet i feltskyting, og alle dei vanlege interne karusellane.
Svein Medås har som lagets beste skyttar levert mange gode toppresultat i år. Under årets Landskyttarstemna i Førde, stilte Granvin med 6 deltakar, resultata som kom ut av opphaldet har forbetrings potensiale. Men gjengen hadde eit fint opphald med mykje fint vær og gode sosiale høve.
På slutten av året har treningsiveren og oppslutnaden på 200 meter vore stor, medan aktiviteten på 100 meter er for liten, og krev meir arbeid.
STYRET OG SKYTEBANEN.
Styret har hatt to styremøte og har handsama omlag tolv saker. Det har blitt utført lettare vedlikehaldsarbeid på skytebanen, i 2009 skal skyttarhuset målast, unnteke på 100.m der ein har ordna til elektronikk, med mange gode tilbakemeldingar. Dette prosjektet er nesten i hamn, då ein nett skal levera ein sluttrapport for å få ut resten av midlane.
I år som før er jegerane den største gruppa i laget, medlemstalet har auka med heile 80 medlemmar og er nå oppe i 362.
JEGERGRUPPA ved Leiar: Kjell Arne Jørdre.
Jegergruppa har og i år skipa til jegerfeltskyting i Skår. I år vart det Ådne Lindvik som vart årets jegermeister. Han vil få namnet sitt inngravert på den store JEGERPOKALEN som skal vandra med namna på alle jegermeistrane våre.
Erfaringane frå tidligare år vart nytta i oppsettet av vaktplanen for jegertrening 2008. På kvar trening/oppskyting vert det sett opp 3 personar. Ein starta med jegerskytingane i juni og hadde tilbod kvar fredag, på slutten av året så nyttar ein også 4 laurdagar. Omlag 202 jegerar tok skyteprøven for storviltjegerane på banen i år, dette var ein nedgang frå tidlegare år.
UNGDOMSARBEID ved Ungdomsleiar: Barbro Marie Medås.
I år som andre år har oppslutninga rundt treningskveldane i gymsalen gått ned. Til slutt vart oppmøte så dårleg at ein avslutta, då det også var stor pågang frå andre som ville nytta gymsalen til andre føremål.
100 m er eit område som bør rettast meir fokus på til neste år, då me manglar fleire skyttarar innan rekrutteringsklassane. Særleg då me nå har elektronikk også her.
Men så skal det nemnast at me har ein god rekrutt som skyt godt, Sigmund Skår, innan Eldre rekrutt klassen.
ØKONOMIEN Kasserar : Gunnar Lussand.
Me hadde som mål at den nye 100 meterbanen skulle fullførast utan nye låneopptak.
Det klarte me med litt velvilje frå banken som godtok overtrekk på driftskontoen med kr.100.000 i e
in kort periode. (dette var nødvendig for me måtte betalta faktura til Kongsberg før forfall for å utløysa rabatten på kr. 71.000.)
I tillegg har medlemer teke på seg vareteljing hjå ICA på Voss som gav oss kr.20.000.
Og kjempeinnsats av ”Dugnadsjengen” som har utført prosjektarbeid til ein verdi av kr. 25.000.
Me er %F2g svært takksame for direkte pengestøtte frå :
- Sparebanken Hardanger kr. 25.000
- Indre Hardanger Kraftlag ” 10.000
- Joker Granvin %96 Inge Askeland ” 10.000
Stor aktivitet av jegerane på vår nye 100m. + mange nye medlemer har bidrege til at me i tillegg til finansiering av ny elektronisk 100m. bane, har btalt ned lånet i Hardingbanken %96 det står att ein rest på 25.000 i ”Bygdalånet” %96 parteigarane i det har meldt frå om at me kan betala tilbake dette når det passa oss.
Skyttarlaget har pr. i dag ca. kr. 90.000 på konto.
Så det er ein rimeleg roleg og tilfreds kasserar som skriv desse linjene.
LAGSMEISTAR 2008.
Feltskyting: Svein Medås og Sigmund Skår vart lagmeistrar i feltskyting i Skår.
Baneskyting: Svein Medås lagmeister i kl. 3-5, Olav T Lekve i kl V55, Eivind Medås i kl 1, Gunnar Lussand i kl 2 og Sigmund Skår i kl ER.