2006

Årsmelding 2006.


Styret                  2006         

Leiar Jan Ivar Rødland Kasserar  Gunnar Lussand styremedlem  Steinar Skår Lars Terje Haugen og Ungdomsutvalet    Svein Medås

Jegergruppa        2005          

LeiarEivind Brekke  Magne Mo ,Kjell Arne Jørdre, Sven Helge Ovrid, Bjørnar Skår

Ansvar for dugnadsarbeidet Kjell Arne Jørdre og Eivind Brekke

SKYTEAKTIVITETEN.  

2006 har vore eit jamt og rolig år, men særlig på rekrutt og junior har det vore fin aktivt. Jon Sindre Rødland har vunne fleire opne stemne og hevda seg i toppen på samlagstemna.

Familien Svein Medås deltok også på Landskyttarsemna i Målselv. Svein hevda seg bra med 233 og sølvbeger fekk han med seg.

På slutten av året så har trening iveren vore stor med stor oppslutnad på treningskveldane. Noko som lover bra for neste år skyting.   

 

Styret og Råe

Styret har hatt 4 styremøte og har handsame omlag 20 saker. Det har blitt utført lettar vedlikehaldsarbeid på skytebanen.

Laget har no om lag 280 som er liten auke på 5 medlem.

Det er igjen jegeren som stor og viktig gruppe.

I året som har godt har det utført ein del vedlikehald på dei elektronisk skivene.

Samstundes var det vurdert dei tryggleiks tilhøve rundt på banen. Det var gjort noko tiltak for å bøta for noko svake punkt.

Granvin Idrottslag har gjennom eit samarbeid utarbeid eit treningstilbod  til skiskyttarane. Det er sett opp skiskyttarblinkar og laga til ein standplass.

Det var i samband med dette arbeidet utarbeid ei støybereking utført av DFS. Noko som vart oversendet til heradet for innlegg digitalt i den areal del i kommunalplanen.

Det har ikkje vore utført dei vedlikehaldsarbeid som ein hadde planlagt som vøling av glasrutene og maling av skyttarhuset. Detter er noko som må gjerast i 2007.

 

 

 

JEGERGRUPPA Leiar: Eivind Brekke

Jegergruppa har og i år skipa til jegerfeltskyting i Skår. I år vart det Olav T Lekve som vart årets jegermeister. Han vil få namnet sitt inngravert på den store JEGERPOKALEN som skal vandra med namna på alle jegermeistrane våre.

Erfaringane frå tidligare år vart nytta i oppsettet av vaktplanen for  jegertrening 2006. På kvar trening/oppskyting vert det sett opp 3 stk. Ein starta med jegerskytingane i juni og hadde tilbod kvar fredag, men også laurdagane teke i bruk, noko som vart godt motteke. Omlag 230 jegerar tok skyteprøven for storviltjegerane på banen i år.

Det var i år halde to jegerskurs, nytt i år var det også innarbeid som valfag på skulen. Om lag 20 stk har teke eksamen i år.

 

UNGDOMSARBEID Ved ungdomsleiar Svein Medås

Det har vore  stor aktivitet innandørs i gymsalen på skulen. Her har mellom 15 %96 25 stk. skote på torsdagskveldane og det heile vart avslutta med ei tradisjonell pokalskyting. Utandørs har det vore treningstilbod til rekruttane kvar onsdag, noko som har vore nytta av dei  %94faste%94 skyttarane .

Laget sine rekruttar har delteke på fleire samlingar som har vore skipa til på samlagsnivå og i hordakrinsen. 2006 har det vore sers gode resultat for våre yngre skyttar. Ein har også delteke med lagskytingar på 100m både på Samlagsstemna med gode plasseringar. Ungdom har også skapt eit godt sosialt miljø som gjer at det er trivlig gjeng å jobba med.

 

ØKONOMIEN  Kasserar : Gunnar Lussand

Då vart 2006 nærmast eit kvileår.

Me i stand til å betala tilbake resten av bygdalånet som planlagt før nyttår og hadde me %94snaua oss%94 heilt kunne me vore gjeldfrie no. Men å sitja med eit banklån på 25.000 i dagens rentesituasjon er ikkje noko å missa nattesøvnen av, så det kan etter mitt syn gå vidare.

Største inntektsposten er som vanleg medlemspengar, men har også i år motteke kulturmidlar frå Granvin herad %96 sponsormidlar %96 gåve frå banken og vår aktive jegergruppa har bidrege med ein betydeleg sum på pluss-sida.

Me får neste år noko meir frie midlar til å bruka til investering / oppgradering av anlegget vårt,

Og det mangla ikkje på oppgåver

 

LAGSMEISTAR 2006

Olav T Lekve vart lagsmeister i feltskyting i Skår.

Svein Medås lagsmeister på banen. Og Olav T Lekve i kl V55.

Jon Sindre i juniorklassen

Mens Gudmund Lilletveit vart lagsmeister i aspirantklassen

 


 


Årsmøte 2008

2005

2006